Tømmekalendar 2017

Velg din kommune:

 

Der ei rute er ført opp på 2 påfølgjande dagar, må alle dunkar settast fram til kl. 07.00 den første dagen.              

Næringsruter - sjå her!


Frå 1.oktober 2017 har Miljødirektoratet etablert ei ordning for levering av kasserte fritidsbåtar. Private som har fritidsbåtar, mindre enn 15 fot (4,57m) og utan innanbords motor, kan no levere desse kostnadsfritt til Nomil sine gjenbruksstasjonar. Dette vil i praksis først og fremst gjelde robåtar, kanoar, kajakkar o.l. Eigar av båten kan søke Miljødirektoratet om å få utbetalt kr. 1 000 per levert båt. Ein må då ha eit utfylt skjema som stadfestar kva ein har levert. Skjema og meir informasjon om ordninga finn de på heimesidene til Miljødirektoratet. Fyll ut skjemaet og ta det med når du leverer båten, så signerer operatøren på gjenbruksstasjonen for at båten er levert. Vi gjer merksam på at gjenbruksstasjonen i Hornindal ikkje tek i mot båtar grunna særs avgrensa lagringskapsitet. Ein kan her nytte gjenbruksstasjonen på Svarstad i Stryn i staden. 

Levering av båtar som er større enn 15 fot, eller som på anna måte ikkje fyller krava om kostnadsfri levering, må på førehand avtalast med Nomil. Slike båtar skal i utgangspunktet leverast til Nomil sitt hovudanlegg i Gloppen.