Tømmekalender 2018

Velg din kommune:

 

Der ei rute er ført opp på 2 påfølgjande dagar, må alle dunkar settast fram til kl. 07.00 den første dagen.              

Næringsruter - sjå her!


Julematen byr på store mengder feittrestar frå kjøkkenet, og det er ikkje alltid like lett å vite korleis ein skal kvitte seg med dette feittet. Ikkje hell feittet i vasken eller i do. Her er nokre tips til korleis du kan kvitte deg med "julefeittet".

Ribbefett/fett etter pinnekjøt:
Dette feittet stivnar når det vert avkjølt. Skrap det ut av panna og kast det i matavfallet. Restane kan du tørke med tørkepapir som du kan kaste i matavfallet.

Baking av julekaker:
Baking av blant anna smulteringar kan gi mykje feittrestar. Feittet stivnar når det vert kaldt og kan kastast i matavfallet. Om du er i det kreative hjørnet og samstundes tenkjer på småfuglane, vil dette feittet eigne seg til å lage fuglemat. Tøm feittet i ein kartong før det stivnar og hell opppi solsikkefrø. La det stå over natta til fette stivnar. Legg gjerne ein pinne med tråd på opp i kartongen. Då har du mulighet til å henge opp "meisebollen". 

Frityrolje/matolje:
Dette feittet stivnar ikkje ved avkjøling. Hell feittet over i tett emballasje eller ein tom mjølkekartong og teip den godt igjen. Då kan dette kastast i restavfallet.