Tømmekalender 2019

Velg din kommune:

 

Der ei rute er ført opp på 2 påfølgjande dagar, må alle dunkar settast fram til kl. 07.00 den første dagen.              

Næringsruter - sjå her!


Nomil sine abonenntar kan framleis levere avfall til gjenbruksstasjonane i svarte sekkar.

Forrige veke endra Norsk Gjenvinning retningslinjene sin for levering av avfall, og frå og med 1.september skal alt avfall til Norsk Gjenvinning sine avfallsmottak leverast i gjennomsiktige sekkar.

Årsaka til endringa skuldast at Norsk Gjenvinning ynskjer betre kontroll over innhaldet i slike avfallssekkar, blant anna for å hindre at det vert levert farleg avfall i sekkane.

For abonnentane i Nomil vert det ikkje innført endringar på levering av avfall i sekk pr. dags dato. Våre abonnentar kan framleis levere svarte sekkar med avfall til gjenbruksstasjonen. I dunken kan du nytte dei posane som de ynskjer. Nomil vil endre sine retningslinjer for levering av avfall til gjenbruksstasjonane etter kvart, men nokon dato for endringa er framleis ikkje sett. Nomil vil kome tilbake med grundig og god informasjon i god tid før ei slik endring trer i kraft.