Tømmekalender 2018 og 2019
Velg din kommune:
Der ei rute er ført opp på 2 påfølgjande dagar, må alle dunkar settast fram til kl. 07.00 den første dagen.
Næringsruter - sjå her!
Fakturering av gebyr for renovasjon og slamtømming i Eid
Eid kommune gjorde vedtak 26.04.2018 om at Nomil skal overta ansvar for slamtømming og fakturering av gebyr for slamtømming frå og med 2018. Innbyggjarane i Eid får tilsendt faktura for 1.termin i desse dagar. Denne fakturaen er berre for renovasjonsgebyr. Heile gebyret for slamtømming i 2018 vert fakturert i 2.termin, saman med resten av renovasjonsgebyret. Frå neste år vil gebyret for slamtømming verte fordelt over to terminar. Det er Norva 24 (tidlegare Miljøservice) som utfører tømminga på oppdrag for Nomil.
Vinnar i Returkartonglotteriet 1. kvartal 2018
Vinnarane i returkartonglotteriet for 1. kvartal 2018 er trekte ut!
Olin Briksdal frå Olden er ein av dei heldige vinnarane av 10 000,- kroner! Gratulerer så mykje!
Du kan også vere med i returkartonglotteriet. Kvart kvartal vert det trekt ut 30 premiar på 10 000,- kroner og ein premie på 100 000,- kroner. Du kan lese meir om returkartonglotteriet her.
Og hugs, om du ikkje vinn pengar vinn uansett miljøet på kartonggjenvinninga di!
Lukke til!
Problem med telefonlinjene til Nomil sin administrasjon
Vi har desverre litt problem med telefonlinjene inn til Nomil sin administrasjon.De må gjerne ta kontakt via telefon, men lydkvaliteten kan opplevast som dårleg. Vi beklager dette.
Tømming av avfall på Husevågøy
På grunn av ei endring av tømmeruta i Vågsøy i dag, vert ruta på Husevågøy køyrd tysdag ettermiddag eller tidlig onsdag.Fjerning av returpunkt
Nomil sine returpunkt for glas- og metallemballasje er no fjerna. Ordninga med returpunkt vert avslutta fordi alle husstandar har fått utlevert eigne dunkar til denne fraksjonen. Ein kan framleis levere glas- og metallemballasje til gjenbruksstasjonane.Nomil treng nye renovatørar
Nomil treng nye renovatørar. Søknadsfrist er 28. februar. Sertifikat klasse C.Page 6 of 13