Vil du bli varsla når avfallet skal hentast?

Tømmeplan på smarttelefon.

Er du av dei som kan gløyme når avfallet blir henta og kva som skal hentast? Med appen NOMIL kan du få tilgang til m.m. tømmekalendaren for din eigedom. Du kan be om tømmevarsel slik at påminning om tømming f.eks. kjem dagen før. Har du fleire eigedomar kan det leggast inn varsling av tømming for alle. Tømmeplanen vil også vise kva typar avfall som skal tømmast på dei ulike datoane. Dersom du ønskjer å melde feil og manglar kan dette også gjerast i Tømmeplan-appen. Ordninga er gratis for NoMil-abonnentar, og du lastar den ned i APP store.

 

Tømmeplan blir også tilgjengeleg for både iOS og Android telefonar.

 

 

Frå november 2013 vil restavfallet frå NoMil bli levert til forbrenning i Ålesund til Tafjord Kraft. Dette er resultatet av ein anbodskonkurranse som NoMil har gjennomført og der Norsk Gjenvinning hadde det økonomisk sett mest fordelaktige tilbodet for NoMil. Norsk Gjenvinning har igjen inngått avtale med Tafjord Kraft.

Gode resultat for gjenruk av tekstilar.

I 2012 samla Nomil i samarbeid med Ulandshjelp Folk til Folk (UFF) inn 127 tonn kle og sko i Nomil-kommunane.

Kleda går vidare til sorteringsanlegg i Vilnius, Litauen

Dagleg leiar i Nomil Svein-Ottar Sandal har nyleg  besøkt  i Vilnius. Meir om dette besøket kan du lese her  (klikk her).



 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Staffan har permisjon frå NoMil i eitt år frå og med 20. august 2012.