Litt informasjon om ny dunk for glas- og metallemballasje.
 
NoMil vil i tida framover starte utlevering av den 4. dunken med raudt lokk. Dunken skal nyttast til glas og metallemballasje, og skal etterkvart erstatte returpunkta som NoMil har ståande rundt om i kommunane.
 
Tømmefrekvens på dunken vert kvar 10. veke.
Merk dykk at tømminga av dunken ikkje byrjar før på seinsommaren/tidleg haust, og at de fram til då framleis må nytte returpunkta for gjenvinning av glas og metallemballasje.




I den nye dunken kan du kaste:
  • Flasker i klart eller farga glas
  • Syltetøyglas
  • Hermetikkboksar
  • Drikkeboksar som ikkje kan pantast
  • Korkar og lokk av metall
  • Aluminiumsfolie/beger
 
Emballasjen skal skyllast rein før levering og kastast rett i dunken.
 
Dette er IKKJE glas og metallemballasje:
  • Porselen, keramikk og krystall
  • Drikkeglas og tallerkener
  • Eldfaste former
  • Speil
  • Vindaugeglas

Sjå også facebooksida til NoMil for informasjon https://www.facebook.com/NordfjordMiljoverk/