Frå 2020 vert det forbod mot fyring med fossil olje, og dei som framleis har oljefyring vil måtte finne ein anna måte for oppvarming. Forurensingsforskriften seier at større tankar som ikkje lenger er i bruk skal tømmast og gravast opp. Kommunane kan i tillegg vedta lokale føreskrifter som gjer at kravet til fjerning gjeld alle tankar. Kva dokumentasjon kommunen skal ha når du melder frå om fjerning av tank varierer også. Ta kontakt med kommunen du bur i for å få rettleiing før du starter opp prosessen.

Enova har ei støtteordning for deg som skal fjerne tank og samstundes bytte til vannbåren varme. I 2018 kan ein få tilskott på kr. 20 000 for fjerning av tank, i tillegg til at du kan søke støtte til ny løysing for oppvarming. Du kan lese meir om støtteordninga til Enova her.

Slik går du fram for å fjerne oljetank, i følgje retningslinjer frå www.oljefri.no
1. Samle informasjon om tanken
2. Hent inn tilbod frå sertifisert firma
"Tømming og rengjøring av oljetank medfører brann- og forurensningsfare og skal utføres av et firma med spesiell tillatelse. Rensingen må utføres av en aktør som har samarbeidsavtale med NORSAS for innsamling av farlig avfall og som er godkjent av Klima- og forurensningsdirektoratet" (Informasjonskriv frå Enova)
3. Firmaet du velger å bruke skal tømme, grave opp, reingjere, fjerne og transportere tanken til gjenvinning for deg, samt gje deg dokumentasjonen du treng overfor kommunen, Enova eller andre.
4. Meld frå til kommunen om at tanken er fjerna, og søk om støtte frå Enova.

Her finn du Enova si brosjyre om utfasing av oljefyr

Firma i nærleiken som du kan kontakte for fjerning av oljetank er:
Norsk gjenvinning i Førde
SAR i Florø
Franzefoss på Hareid
Moldskred renovasjon i Herøy
Eller finn oversikt over sertifiserte firma hos www.oljefri.no

Nomil har avfallsmottak, men ingen tenester knytt til fjerning og sanering av oljetanker.
Om du har fått tanken din sanert av eit sertifisert firma kan du ta med dokumentasjon på dette, og levere tanken som metall på våre gjenbruksstasjonar.