Selje kommune har innført tvungen renovasjon for alle hytter og fritidsbustadar. Kommunen har fastsett lik gebyrsats for alle som har fritidshusrenovasjon. Gebyret er regulert av gebyrføreskrifta, og utgjer 35 % av eit standardgebyr.

Avfall frå hytter og fritidsbustadar skal ein levere i særskilte containerar. I hyttecontainerane kan ein levere plastemballasje, papp/papir, våtorganisk avfall og restavfall. Hyttecontainerane har små innkast luker. Sekkar og større gjenstander må ein levere på gjenbruksstasjonen i Selje. Større mengder avfall, metall, hageavfall, farleg avfall, ee-avall, avfall frå bygg mm. må ein også levere på gjenbruksstasjonen. 

Plassering av hyttekonteinarar:
Du finn kart som viser plassering, og der du kan hente ut kart, på www.sortere.no
Velg Finn returpunkt, og søk på Selje kommune.

  • Flatraket miljøstasjon
  • Barmen ferjekai på øyna
  • Barmsund ferjekai, fastlandet
  • Selje Gjenbruksstasjon
  • Kjøde v/bustadfelt
  • Leikanger miljøstasjon, på industriområdet nedanfor bensinstasjonen
  • Vestkapp handel
  • Borgundvåg