I Eid kommune  er renovasjon for fritidshus ei frivillig ordning.  Avfallet leverast i spesielle hyttekonteinarar.  Gebyret er regulert av gebyrføreskrifta, og utgjer 35 % av eit standardgebyr.

Hyttecontainerane kan berre nyttast av dei som har fritidsabbonement hos NoMil. I hyttecontainerane kan ein levere plastemballasje, papp/papir, våtorganisk avfall, glass- og metallemballasje og restavfall. Hyttecontainerane har små innkastluker. Sekkar og større gjenstander må ein levere på gjenbruksstasjonen på Haugen. Større mengder avfall, metall, hageavfall, farleg avfall, ee-avall, avfall frå bygg mm. må ein også levere på gjenbruksstasjonen. 

 

Plassering av hyttekonteinarar:

  • Stårheim miljøstasjon
  • Nordfjordeid, Øyna