I Gloppen kommune er renovasjonsordning for fritidshus ei frivillig ordning.  Avfallet leverast i spesielle hyttekonteinarar. Gebyret er vedteke i gebyrføreskrifta, og utgjer 35 % av standard gebyr.

Hyttecontainerane kan berre nyttast av dei som har fritidsabbonement hos NoMil. I hyttecontainerane kan ein levere plastemballasje, papp/papir, våtorganisk avfall, glas- og metallemballaske og restavfall. Hyttecontainerane har små innkastluker. Sekkar og større gjenstander må ein levere på gjenbruksstasjonen på Eidsmona. Større mengder avfall, metall, hageavfall, farleg avfall, ee-avall, avfall frå bygg mm. må ein også levere på gjenbruksstasjonen.

Plassering av hyttekonteinarar:

  • Byrkjelo v/Esso
  • Sandane på Utstillingsplassen, eit par 100 m nordvest for Statoil
  • Hyen miljøstasjon