Hornindal kommune har innført tvungen renovasjon for alle hytter og fritidsbustadar. Kommunen har fastsett ein gradert gebyrskala, avhengig av standard og kor tilgjengeleg fritidsbustaden er. Du finn meir informasjon om dette i gebyrføreskrifta.

Høg sats er 50% av eit standard gebyr.
Middels sats er 30% av standard gebyr.
Låg sats er 10% av standard gebyr.
For nærare informasjon - ta kontakt med NoMil

Avfall frå hytter og fritidsbustadar skal ein levere i særskilte containerar. I hyttecontainerane kan ein levere plastemballasje, papp/papir, våtorganisk avfall og restavfall. Hyttecontainerane har små innkast luker. Sekkar og større gjenstander må ein levere på gjenbruksstasjonen på Grodås eller på Svarstad. Større mengder avfall, metall, hageavfall, farleg avfall, ee-avall, avfall frå bygg mm. må ein også levere på gjenbruksstasjonen.  

Plassering av hyttekonteinarar:
Du finn kart som viser plasseringa til containerane, og der du kan hente ut køyrerute, på www.sortere.no
Velg Finn returpunkt, og gjer søk på Hornindal kommune.

  • Ved uteseksjonen til Teknisk på Ytrehorn, Grodås
  • Horndøla bru 300m sør for, ved renseanlegg
  • Kjøs bru, parkeringsplass hyttefelt, gamlevegen 500 m mot Øyabakken
  • Grendalen (skisenter/hytteområde)
  • Engebø (ved utfartsparkeringsplass)