Stryn kommune har innført tvungen renovasjon for alle hytter og fritidsbustadar. Kommunen har fastsett ein gradert gebyrskala, avhengig av standard og kor tilgjengeleg fritidsbustaden er Les meir i gebyrforskrifta!

Høg sats er 50% av eit standard gebyr.
Middels sats er 30% av standard gebyr.
Låg sats er 10% av standard gebyr.
For nærare informasjon - ta kontakt med NoMil.

Avfall frå hytter og fritidsbustadar skal ein levere i særskilte containerar. I hyttecontainerane kan ein levere plastemballasje, papp/papir, glas- og metallemballasje, våtorganisk avfall og restavfall. Hyttecontainerane har små innkast luker. Sekkar og større gjenstander må ein levere på gjenbruksstasjonen på Svarstad. Større mengder avfall, metall, hageavfall, farleg avfall, ee-avall, avfall frå bygg mm. må ein også levere på gjenbruksstasjonen. 

Plassering av hyttekonteinarar:
Du finn kart som viser nøyaktig plassering, og der du kan hente ut køyrerute, på www.sortere.no
Velg Finn returturpunkt, og gjer søk på Stryn kommune.

  • Stryn skisenter
  • Dybevoll (Markane)
  • Vinsrygg
  • Hopland, Ved bru, Kirke
  • Faleide / Svarstadvika v/hyttefelt
  • Bak Buda AS, Hjelledalen
  • Utvikfjellet, ca 100 m frå Karistova mot Utvik, venstre side
  • Storesunde v/trafo
  • Tenden hyttefelt, lada til Olav Tenden
  • Flo v/Parkeringsplass toppen
  • Veslebygda, kryss Furedalen 500 m etter tunnell mot Flo
  • Sølvberg v/Krysset inn til Vangen
  • Stryn sentrum – på nedsida av brannstasjonen
  • Arnehaug krysset i Markane
  • Blakset kai
  • Fosnes v/Oppstryn sag pallfabrikk
  • Loen – ved Mattilsynet
  • Tjugen i Loen (flytta frå Sæten)
  • Breng
  • Bødal, ved oppkøyrsla til Bødalsetra i Lodalen
  • Olden – ved raudt pumpehus, ved eldretun nedanfor butikkane
  • Innvik – parkeringsplassen ved kyrkja
  • Utvik – ved endevegg av lagerbygg på kai
  • Blekesvingen, 50 m inn grusveg ved busslomme / infotavle
  • Rosetmarka hyttefelt - start privatveg, like over sagbruk