Gjenbruksstasjonane til NoMil er bemanna mottak, som har ei avgrensa opningstid, 1 - 2 dagar i veka. På gjenbruksstasjonane er det mottak for det meste, t.d. farleg avfall, elektriske artiklar, trevirke, hageavfall og større gjenstandar som ikkje eignar seg å ha oppi renovasjonsdunk. 

Dette kan likevel ikkje leverast til gjenbruksstasjon:

  • Eksplosivt avfall, som t.d. ammunisjon og fyrverkeri. - ta kontakt politiet for rettleiing.
  • Medisin til mennesker og dyr eller andre varer kjøpt på apotek. -Desse kan du levere gratis direkte til apoteket.
  • Våtorganisk avfall, alt slik avfall må du levere i den brune dunken du har heime.
  • Bildekk, dekk til traktor og anleggsmaskin. Desse leverer du til forhandlar.
  • Smittefarlig avfall.
  • Avfall som kan sjølvtenne
  • Organiske peroksider i fareklasse 5.2 (t.d. nokre typar herdar)
  • Radioaktivt amteriale
Vi minner om at elektriske og elektroniske produkt kan leverast til forhandlar. Dette gjeld også for gassbeholdarar.

Opningstider for gjenbruksstasjonane 

Kva kostar det å levere? Prisar hushald - Prisar næring

Om du treng hjelp til å finne fram til gjenbruksstasjon (eller miljøstasjon) kan du gå inn på www.sortere.no og søke på "gjenbruksstasjon + kommunenamn" du vil då få opp kart som viser plasseringa til gjenbruksstasjonen. Du kan også få detaljert veibeskrivelse til gjenbruksstasjonen frå desse karta.