Det finst ei rekke framande planteartar i Noreg, som m.a. er importerte til bruk i hager og parkanlegg. Nokre av dei framande artane kan spreie seg og fortrengje artar som naturleg høyrer heime på staden. Spreiing av framande artar er rekna som ein trussel mot naturmangfaldet. Artane som har størst potensiale til å føre til skade på naturmangfaldet står på den såkalla svartelista. Nokre av dei best kjente svartelista artane er: hagelupin, parkslirekne og rynkerose.

Hageavfall som inneheld frø, plantedelar eller røter frå slike artar skal ikkje leggast i naturen. For å hindre vidare spreiing av artane bør dette hageavfallet brennast. Ved levering av hageavfall som inneheld skadelege framande artar skal avfallet pakkast i sekk, og leverast som restavfall på gjenbruksstasjonen. Restavfall vert sendt til forebrenning, og hindrar såleis spreiing av artane. Fylkesmannen har laga ei brosjyre til hageigarar, planteutsal og entrepenørar, om korleis ein skal forhalde seg til skadelege framande artar, og korleis ein kan avgrense spreiing. Brosjyra "Hagerømlingar og andre artar på avvegar" kan du lese her.

Artsdatabanken lager faktaark om dei mest skadelege framande artane. Faktaarka har gode bileter, informasjon om korleis ein kjenner att planten, samt skildring av kva veksestadar planten trivst best på.
Faktaark om hagelupin
Faktaark om parkslirekne
Faktaark om rynkerose
Faktaark om kjempespringfrø