Heimekompostering av matavfall.

Vi oppmoder våre abonnenter om å kompostere matavfallet sitt. På denne måten får ein utnytta avfallet lokalt, og på ein god og meir miljøvennleg måte.  Ferdig kompostert matavfall er god gjødsel og kan også nyttast som jordforbetring i hagar. NoMil gjev rabatt på årsgebyret for abonnentar som har heimekompost, under visse vilkår, og har i tillegg  i refusjonsordning på innkjøp av kompostbingar.

Korleis heimekompostere?

Matavfall skal komposterast i ein varmkompost. Ein slik kompostbinge er lukka og isolert, og med rett bruk vil komposten halde seg varm nok til å omdanne matavfall til kompost på omlag 2 månadar. Det er viktig at bingen er godt nok isolert til at temperaturen er høg nok for kompostering gjennom heile året. I tillegg må bingen vere sikra mot smågnagarar med meir.

I ein slik kompost kan ein legge alle typar matavfall, samt teposar, kaffifilter og tørkepapir som er  tilgrisa med mat. I tillegg til matavfall blander ein i kompoststrø for å gjere komposten luftig, og slik av væske frå nedbrytingsprosessen vert absorbert.  Abonnentar som har fått innvilga heimekomposteringsavtale kan gratis hente 1 sekk kompoststrø hos NoMil kvart år.

Søknad om heimekompostering.

Om du vil kompostere matavfall heime kan du søke Nomil om heimekomposteringsavtale. Du kan laste ned skjemaet her: kompostavtaleskjema og sende til NoMil, eller ta kontakt med oss for å få tilsendt avtaleskjema. Du må sjølv kjøpe inn ein kompostbinge for varmkompostering, før du kan søke om avtale. Ei liste over dømer på bingar for varmkompost finn du lenger nede på denne sida. Denne lista er ikkje utfyllande. Nomil godkjenner i utgangspunktet ikkje heimelaga bingar i samband med oppretting av nye heimekomposteringsavtaler.

Ordninga med refusjon og rabatt hos NoMil.

Abonnentar kan få refundert 25% av kjøpesummen for varmkompostbinge, avgrensa til maksimalt 500 kr. Ein må søke særskilt om denne refusjonen, og legge ved kopi av kvittering for kjøpet av bingen. Abonnentar som får innvilga avtale om heimekompostering vil få fråtrekk på årsavgifta. I 2016 utgjorde dette fråtrekket 866 kr. på eit standardabonnement. Vilkåra for å få innvilga ei slik avtale er lista opp i avtaleskjemaet. Får ein godkjent avtale om heimekompostering av matavfall, vil NoMil hente  inn dunken for våtorganisk avfall. Om ein treng dunken i tillegg til komposten, t.d. for småbarnsfamiliar som har ungar som bruker bleier, får ein ikkje frådrag på gebyret. NoMil har rett til å kontrollere kompostbingen og komposteringsprosessen hos abonnenter med avtale om heimekompostering. Ved avvik frå avtalte vilkår eller ved feil drift av komposteringa, har NoMil rett til å avslutte avtala.

Varmkomposten er ikkje for hageavfall.

Hageavfall skal ikkje komposterast saman med matavfall. Hageavfall vert kompostert i ein open kaldkompost i ein haug eller binge. Om ein har matavfall i ein kald kompost vil ikkje maten verte  nedbrote som den skal. Ein vil då oppleve problem med lukt og at komposten tiltrekk seg mus, rotter eller andre dyr. Ein skal heller ikkje ha hageavfall i bingen for varmkompost. Dette vil påverke  nedbrytinga på ein negativ måte. I tillegg risikerer ein å tilføre brunsneglar og andre uønska organismar. Om du ønsker å kompostere hageavfall finst det også gode rettleiinga for dette.

Kompostbingar for varmkompost.

Det finst mange ulike kompostbingar i produksjon. Mange av dei er ikkje godkjent for varmkompost.  Lista under inneheld kompostbingar som ein ser at mange av renovasjonsselskapa rundt om i landet godkjenner. I tillegg vert kompostering etter bokashi metoden godkjent. 

Kompostbjørn
Binge i metall og plast med kapasitet på omlag 235 liter.  Meir informasjon om bingen:
Kompostbjørn

Separett kompen (tidlegare Cipax)
Rund binge av resirkulert plast med kapasitet på ca. 250 liter. Meir informasjon om bingen:
Separett kompen

Jora kompost
Roterande binge på stativ. Bingen finst i ulike storleikar. Meir informasjon om bingen:
Jora kompost

Myra varmkompost
Firkanta binge kledd i treverk. Bingen rommar omlag 190 liter. Bingen kan tingast frå Tremek AS

Grønne Johanna
Rund binge av plast med kapasitet på 330l.Ver merksam på at ein må kjøpe vinterisolering i tillegg til kompostbingen for å kunne kompostere gjennom heile året. 
Meir informasjon om bingen: Grønne Johanna

Bioplan
Isolert binge i plast. Finst i 220 L, eller  i 550 L for større einingar enn einebustadar. Bingen kan tingast frå Total

Nyttige tips til heimekompostering.

For at komposten skal verke etter hensikta må den få tilført nok matavfall gjennom heile året for å halde temperaturen oppe. Matavfall frå berre ein person vil vanlegvis vere  for lite.  For å lære meir om heimekompstering viser vi til" Ren jord! Håndbok i heimekompostering".