I 2016 slutta Nomil med å dele ut bioposar og sekkar til plastemballasje på ei fast rute.  Dette vert no levert ut etter melding frå abonnenten. Ta eit ark og skriv "sekkar til plast og/eller bioposar" og fest dette oppå lokket på dunken, så vil sjåføren legge av på tømmedag. Det er ein fordel å gjere dette på ein dag med papir/papp tømming, då den blå dunken normalt er rein og tørr, og sjåføren kan legge rullane rett i dunken.