Kva er farleg avfall?

Avfall som kan føre til alvorleg forureining, miljø- eller helseskade er farleg avfall. Døme på farleg avfall er måling, lim, olje, løysemiddel, etsande avfall, sterke reingjeringsmiddel, bekjempningsmiddel/plantevernmiddel, andre giftige stoff, sprayboksar, oljefilter og batteri. Kriteria for kva som er å rekne som farleg avfall finn ein i avfallsforskrifta §11-2.

Bygnadsmateriale kan også vere farleg avfall. Døme på dette er isolerglasruter, golvbelegg av vinyl, røyrisolasjon, isolasjonsskum og asbesthaldig avfall (t.d. Eternitt).

Det gjeld særskilte reglar for levering av asbesthaldig avfall, som eternitt. Levering skal varslast og avtalast med gjenbruksstasjonen på førehand. Slikt avfall må pakkast på rett måte før det vert levert. Om det ikkje er pakka forsvarleg tek ikkje gjenbruksstasjonen mot avfallet.

Les meir om levering av asbest og eternitt.

Før du leverer farleg avfall:

  • Farleg avfall må leverast i heil og tett emballasje.
  • Farleg avfall skal i utgangspunktet leverast i originalemballasje, som vil gje informasjon om innhald og farer.
  • Om det ikkje er nytta originalemballasje skal du merke avfallet og gje informasjon om avfallet til dei som betenar gjenbruksstasjonen.
  • Ruter av isolerglas kan innehalde skadelege stoff. Alderen på ruta er avgjerande for kva stoff dei kan innehalde. Om du veit når ruta vart sett inn, gjev du beskjed om dette ved levering.

Avfall som ikkje kan leverast til gjenbruksstasjonen:

  • Eksplosiver og ammunisjon - du må kontakte politiet for rettleiing. Dette omfattar også fyrverkeri.
  • Medisin til menneske og dyr - desse skal leverast til apoteket.
  • Avfall som er smittefarleg
  • Stoff som kan sjølvtenne t.d. fosfor
  • Organiske peroksider
  • Radioaktivt materiale
  • Bildekk, dekk til traktor og anleggsmaskin - desse må leverast til ein forhandlar.
  • Våtorganisk avfall - dette må du levere i den brune dunken du har heime

EE- avfall:

Elektriske utstyr inneheld som regel farleg avfall, men vert omtala som EE-avfall. Alle som fohandlar slike produkt er pliktige til å ta i mot tilsvarande produkt som EE-avfall. EE-avfall kan også leverast på gjenbruksstasjon (med unntak av i Hornindal).

På gjenbruksstasjonane (med unntak av i Hornindal) finn ein boksar for sikker lagring av sensitiv informasjon. Her kan ein levere minnebrikker, harddisker, telefoner, nettbrett eller liknande, og ein har sensitiv informasjon på dei. Behaldarane som vert brukt til sikker lagring har ei innkastluke med avgrensa storleik. Dette betyr at ein t.d. må skru ut harddisken av ei stasjonær datamaskin for å levere den som ee-avfall med sensitiv informasjon.

Kor leverer du farleg avfall?

I NoMil-kommunane er det mottak for farleg avfall på alle gjenbruksstasjonar.

Kva kostar det å levere farleg avfall?

Hushaldningar
Frå privat hushald kan ein levere inn til 1000 kg farleg avfall vederlagsfritt pr. år. I tillegg kan ein levere inntil 500 kg pcb-haldig isolerglass vederlagsfritt pr. år. Desse ordningane er lovbestemt frå nasjonalt hald (Avfallsforskriften §§ 11-10 og 14-3). Ved levering utover desse ordningane må ein betale for å levere farleg avfall. 

Verksemder, herunder også jordbruk, skular og institusjonar, må betale for levert farleg avfall. I tillegg må verksemder levere utfylt statleg deklarasjonsskjema for det farlege avfallet dei leverer.

Frå 1.mai 2016 må all deklarering skje elektronisk gjennom portalen www.avfallsdeklarering.no. Ein må ha med utskrift av det elektroniske deklarasjonsskjemaet til gjenbruksstasjonen. Har ein ikkje med skjema kan ikkje gjenbruksstasjonane våre ta i mot farleg avfall frå næringsverksemd.

NoMil sende ut informasjon om dette til bedrifter i kommunane i Nordfjord i april 2016.  Les meir om elektronisk deklarering her.