Flerie aktørar har utplassert innsamlingsutstyr for tekstil i Nordfjord,  mellom anna UFF og Fretex.

Ein kan levere all tekstil til gjenvinning, også hullete sokker og falma gardiner.  Tekstilen skal vere rein og tørr, og pakka i pose/sekk. 

Tekstil som er i god kvalitet kan brukast om som den er, medan tekstil av dårlegare kvalitet kan nyttast til å lage t.d. tepper. 

Oppdatert oversikt over returpunkt skal alltid ligge på heimesidene til UFF og Fretex

  • HORNINDAL KOMMUNE:
    • Grodås ved YX
  • STRYN KOMMUNE:
    • Stryn sentrum ved drosjesentralen
    • Loen ved Joker
    • Olden
    • Innvik
    • Utvik
  • GLOPPEN KOMMUNE:
    • Byrkjelo ved Best
    • Sandane sentrum ved STIL-stova
    • Reed ved Coop Marked
  • SELJE KOMMUNE:
    • Selje sentrum
    • Leikanger 
  • BREMANGER KOMMUNE:
    • Kalvåg sentrum
    • Hauge
    • Svelgen sentrum ved kroa
  • VÅGSØY KOMMUNE:
    • Måløy sentrum ved Kiwi
    • Måløybrua
    • Deknepollen ved Kiwi
    • Bryggja ved Bunnpris
  • EID KOMMUNE:
    • Nordfjordeid ved Esso
    • Nordfjordeid ved Amfi
    • Nordfjordeid ved JYSK
    • Stårheim ved YX