Kva er marin forsøpling?
Marin forsøpling omfattar alle faste stoff som ender i dei marine miljøa på grunn av menneskeleg aktivitet, som t.d. glas, plast, metall og trevirke. Undersøkingar av marin forsøpling viser at plast utgjer 60 - 80% av den marine forsøplinga. Marin forsøpling fører til skade på dyr som set seg fast i eller et plasten. Plast som vert liggande ute vert over tid påverka av sollys, vatn, temepraturendingar m.m. Dette fører til at plasten morknar og sprekk opp. Når dette skjer vert det frigjeve små korn med plast, som vert kalla mikroplast. I tillegg til at plast inneheld ei lang rekke tilsettingsstoff som kan ha negativ verknad på dyr og mennesker, bind mikroplasten til seg miljøgifter frå omgjevnadane. Forskerane er særs uroa for at dette kan medverke til at miljøgifter vert konsentrert på toppen av næringskjedane og i sin tur havne på våre middagsbord. I 2014 uttalte Miljødirektoratet at marin forsøpling er eit av dei største miljøutfordringane ein står overfor. På verdsbasis kjem storparten av plasten ein finn i dei marine miljøa frå kvardagslege forbruksvarer som matvareemballasje, drikkeflasker, sugerør m.m. I områda rundt Nordsjøen kjem ein større del av den marine forsøplinga frå aktivitet til havs som fiskeri, transport o.l. Dette skuldast i hovudsak at ein har gode løysingar for å ta vare på avfall på land, samstundes som ein har stor aktivitet til havs. Marin forsøpling er eit globalt problem, fordi havstraumane spreiar forsøplinga over store avstandar. 


Ver med å bidra! 
Ved å sortere ut plastemballasje og levere denne bidreg du til at ein stor del av plasten du brukar ikkje endar som marin forsøpling. På verdsbasis vert omlag halvparten av all produsert plast brukt til emballasje eller andre ein gongs produkt. Emballasjeplast er typisk lett plast som har stor spreiingsevne om den hamnar i naturen. Nomil har henteordning for plastemballasje for alle hushalda. Plastemballasje frå næring eller store mengder frå private kan leverast på gjenbruksstasjonane våre. Plastemballasjen du leverer til Nomil går vidare til Grønt punkt som sender den til materialgjenvinning for å verte nye plastprodukt. Plast som ikkje er emballasjeplast, samt plastemballasje som er skiten skal leverast som restavfall. Den vil då verte sendt til energigjenvinning. 

Å rydde plast og anna forsøpling frå fjøra, vegkantar og elles i naturen hindrar plasten i å hamne i havet og i å gå i oppløysing. Dette er eit viktig bidrag for å beskytte dyreliv og miljø. I tillegg vert det også mykje trivelegare utan avfall. Om du, eit lag du er med i, skulen din eller andre bidreg til å rydde forsøpling kan du levere dette gratis ved Nomil sine gjenbruksstasjonar. Vilkåra for å få levere gratis er:

Vil du lære meir om marin forsøpling?
Lenkjene under er til sider der du kan finne meir informasjon om marin forsøpling.
Hold Norge rent
Kunnskap om marin forsøpling i Norge 2014 (via Miljødirektoratet)
Naturvernforbundet om marin forsøpling
www.plasthavet.no