Nasjonalt hjelpemiddel for sortering av avfall
Lurer du på korleis du skal sortere? Om avfallet ditt skal i den eine eller den andre dunken, eller kanskje det skal leverast på gjenbruksstasjon?

www.sortere.no er ein nasjonal portal for å finne ut korleis ein skal sortere. I tillegg finst det kart som viser plassering av gjenbruksstasjonar. Hugs å sjekke kvar www.sortere.no  meiner at du er, stadsnamnet vil stå oppe til høgre i bilete. 

 

Nomil si dunkordning for hushalda

1. Våtorganisk avfall - i dunk med brunt lokk 
Dunken vert tømt kvar 2. veke.

2. Restavfall - i dunk med grønt lokk
Dunken vert tømt kvar 4. veke


3. Papp og papir - i dunk med blått lokk
Dunken vert tømt kvar 4. veke. 
I dunken kan du legge rein og tørr papp, papir og drikkekartong.
Les meir om sortering og gjenvinning av papp og papir hos Grønt punkt

4. Plastemballasje - i sekk 
Sekken vert henta kvar 4. veke, saman med papir/papp
I sekken kan du legge rein og tørr plastemballasje.
Tilgrisa plast, vednett, strips/pakkestropper, isopor og plast som ikkje er emballasje leverast som restavfall. Les meir om gjenvinning av plastemballasje, og finn meir informasjon hos Grønt punkt. Informasjon om plastemabllasje som har innehalde farleg avfall finn ein hos sortere.no

5. Glass og metallemballasje - i dunk med raudt lokk
Tømming kvar 10. veke
I dunken kan du legge emballasje av glas og metall.Les meir om kva du kan legge i dunken på sorteringsplakaten frå Syklus

Her kan du laste ned ei rettleiing for sortering

 

Sorteringssymbol
Ein del produkt er merka med små bilder, piktogram, som fortel korleis dei skal sorterast. Ei oversikt over symbol og kva dei står for finn du på  heimesidene til Loop og på heimesidene til Grønt punkt om emballasjemerking. 
Under ser du døme på merking av plast som kan sorterast som plastemballasje.