NoMil samarbeider med organisasjonen "Ulandshjelp frå folk til folk" (UFF) om innsamling av kle og sko til ombruk, samt innsamling av andre tekstiler. Noko av kleda vert selde i Noreg, men det meste vert sendt ut av landet som eit ledd i det internasjonale hjelpeprosjektet. Øydelagt tekstil går til anna type gjenvinning.

Les om UFF på nettsidene til Innsamlingsregisteret: Innsamlingskontrollen.no

Fretex har også sett ut konteinarar på ein del stader i NoMil-området, og ein kan levere det same i desse som i UFF sine kontainarar.

Slik leverer du kle og sko:
Ein kan levere all tekstil til gjenvinning, også tekstil som er slitt eller øydelagt. Klede, sko og tekstil må vere reint og tørt. Ha dei oppi pose eller sekk av plast og knytt godt igjen. Lever i konteinar som står på MILJØSTASJONANE nedanfor.

 

  • HORNINDAL KOMMUNE:
    • Grodås, på Ytrehorn
  • STRYN KOMMUNE:
    • Stryn sentrum, v/ taxi
    • Stryn v/YX bensinstasjon
    • Joker Loen
    • ICA Olden
    • Matkroken Innvik
  • GLOPPEN KOMMUNE:
    • Byrkjelo v/ Esso
    • Sandane sentrum, ved STIL-stova
    • Reed v/ Coop Marked
  • SELJE KOMMUNE:
    • Selje sentrum, v/ kommunelageret
    • Vestskapp Handel, Stadlandet
    • Dragebygg, Stadlandet
  • BREMANGER KOMMUNE:
    • Kalvåg sentrum
    • Bremanger, Indre Hauge
    • Svelgen v/Gunnar Sheldrups veg
  • VÅGSØY KOMMUNE:
    • Bryggja v/ Bunnpris
    • Bryggja v/ Hagens Auto
    • Deknepollen v/ Rema 1000
    • Deknepollen v/ Kiwi
    • Oldeide v/ Bunnpris
    • Måløy sentrum v/ Kiwi
    • Raudeberg v/ Kiwi
    • Raudeberg v/ Coop
  • EID KOMMUNE:
    • Esso, Eid sentrum
    • Gjerdevegen 8, Eid sentrum
    • Statoil Service, Eid sentrum
    • Stårheim nær Hydro Texaco
    • Nomil sin Gjenbruksstasjon, Leivdalen
Om du treng hjelp til å finne fram til miljøstasjon kan du gå inn på www.sortere.no og søke på namnet til kommunen du skal levere i. Du får då opp eit kart med oversikt over returpunkt. Ved å klikke på det aktuelle returpunktet i karten kan du få ei detaljert køyrerute.