På miljøstasjonane er det returpunkt for:
 1. Emballasje av glas og metall (på alle miljøstasjonane)
Døme på emballasje av glas og metall: syltetøyglas, glasflasker utan pant, hermetikkboksar, aluminiumsformer.
Returordninga gjeld berre for glas og metall som er emballasje. Andre typer glas og metall, som t.d. eldfast glas, vindusruter, krystall, porselen, keramikk, kan leverast i restavfallsdunk eller på gjenbruksstasjon

2. Kle, sko og tekstil (på nokre av miljøstasjonane)
UFF og Fretex har plassert ut containerar for klede, sko og tekstil på mange av Nomil sine miljøstasjonar. Her kan du levere klede, sko og anna tekstil. Alt må vere reint og tørt, og pakka i plastpose/sekk som er knytt godt att.

Kor er næraste miljøstasjon? - klikk på kommune!

Vågsøy

Stryn

Gloppen

Hornindal

Eid

Selje

Bremanger