Nasjonalt hjelpemiddel for sortering av avfall
Lurer du på korleis du skal sortere? Om avfallet ditt skal i den eine eller den andre dunken, eller kanskje det skal leverast på gjenbruksstasjon?

www.sortere.no er ein nasjonal portal for å finne ut korleis ein skal sortere, og kvar ein finn gjenbruksstasjonar og miljøstasjonar. 

Om du t.d. lurer på korleis du skal sortere blekkpatroner frå ein skrivar kan du gå inn på sortere.no og søke på blekkpatron. Det er ein fordel om du skriv inn namnet på kommunen din i søket. Om innstillingane på maskina di ikkje er sett til å dele informasjon om kvar du er, vil sortere.no anta at du er i Oslo, og gje deg sorteringstips i samsvar med Oslo  kommune sine ordningar.

For fraksjonar som må leverast på gjenbruksstasjon, slik som farleg avfall og ee-avfall, vil du få opp ei lenkje til  kart over kvar ein kan levere dette i den aktuelle kommunen. I tillegg vil ein kunne få opp miljøinformasjon og tips knytt til bruk og handtering av dette produktet. 

Nomil si dunkordning for hushalda

1. Våtorganisk avfall - i dunk med brunt lokk 
Dunken vert tømt kvar 2. veke.

2. Restavfall - i dunk med grønt lokk
Dunken vert tømt kvar 4. veke


3. Papp og papir - i dunk med blått lokk
Dunken vert tømt kvar 4. veke. 


4. Plastemballasje - i sekk 
Sekken vert henta kvar 4. veke, saman med papir/papp


I løpet av 2017 skal husstandane få utlevert ein ny dunk med raudt lokk. Denne skal vere til glas- og metallemballasje.

Her kan du laste ned ei enkel sorteringsoversikt

Sorteringssymbol
Ein del produkt er merka med små bilder, piktogram, som fortel korleis dei skal sorterast. Ei oversikt over symbol og kva dei står for finn du på  heimesidene til Loop og på heimesidene til Grønt punkt om emballasjemerking. 
Under ser du døme på merking av plast som kan sorterast som plastemballasje.